Obrest Birøkt

Vår prislønte lønnehonning vann sølv i NM 2022 og fekk 3. plass i NM 2023 er samla inn frå lønnetre i Obrestad-området. «Lønnetrekket» startar normalt i midten av mai, og så snart vi ser at lønnetrea blomstrar, set vi på tomme skattekassar. Biene flyr og samlar nektar frå blomstrane på lønnetrea i ein 14 dagars periode. Når desse er fulle blir dei tatt av kubane, tørka, slynga og helt på glas. Lønnehonninga krystalliserer seg seint, difor er den flytande og ikkje røyrt. Den lyse, litt syrlege honningen gjer den eigna til søte dessertar, iskrem, ost og på frukostblandingar.
Den jærske seinsommarhonninga er samla inn på slutten av sommaren. Den består hovudsakleg av kvitkløver og geitrams som det er mykje av her på Jæren. Geitramsen gjer at den krystalliserer seg seinare og er litt mørkare og lettare i konsistensen enn andre sommarhonningar. Den syrlege smaken gjer at honninga eignar seg til røykelaks, gravlaks, vilt, ost og te dessertar.
Sommarhonninga frå Sandtangen inneheld alle typar sommarblomstrar samla inn frå tidleg over heile sommaren. Kvitfargen samt den litt hardare konsistensen fortel oss at den nok inneheld villbringebær. Denne er også blitt rørt for å danne ein silkaktig smørbar konsistens. Honninga er perfekt til te på kalde haustdagar.
Kontaktinformasjon:
Benedicte Myhre
Tlf: 46652882